Regjeringa gjer framlegg om å styrkje budsjettet til Direktoratet for byggkvalitet med 25 millionar kroner, for det vidare arbeidet med Bygg21 og ByggNett.
I 2013 blei Bygg21 oppretta som eit breitt samarbeid mellom staten og byggjenæringa om forsking, innovasjon, utdanning, kompetanseutvikling og formidling av kunnskap og erfaringar. Bygg21 utvikler forslag til strategiar som styresmaktene og byggjenæringa vil vurdere i det videre arbeidet med forenkling.
Direktoratet for byggkvalitet har den daglege leiinga av Bygg21 og tar hand om sekretariatsoppgåvene.
Direktoratet for byggkvalitet starta i 2013 arbeidet med ein strategi for ByggNett, ei elektronisk samhandlingsplattform for alle innan byggsektoren. Strategien omhandlar mellom anna moglegheitene for full elektronisk sakshandsaming av byggjesaker. Det ble også sendt eit framlegg om forenklingar i plan- og bygningslova på høyring i juni 2013.
– Auka kompetanse i næringa er naudsynt for at me skal byggja smartare og med betre kvalitet. Med auka bruk av IKT i alle ledd og dei forslag til forenklingar i regelverket som no er på høyring vil eg leggje til rette for meir effektive byggjesaksprosessar, seier Navarsete.